Hjem

Plakatane er ferdige! :D

Legg igjen en kommentar

Hallaisen! 😀 Da var eg endelig ferdige med plakatane 😀 Nå har eg brukt heile fredagen og lørdagen til å gjere ferdig plakatane og skrevet litt om tankane bak desse iforhold til kompetansemåla. Plakatane kan du sjå ved å klikke på linkane under 🙂

 

NRK

 

Postmoderne offentlighet

 

Så kan du lese litt om tankar bak plakatane og mobbe-filmen 🙂

 

PLAKAT

– drøfte forholdet mellom demokrati og mediar med vekt på moderne offentligheit

(Moderne offentligheit: internett, sosiale mediar, web 2.0. )

 Media nå til dags har veldig stor påverkningskraft og makt. Moderne offentligheit aukar stadig, slik som ved bloggar, Twitter, Facebook og andre sosiale mediar. Vi har tatt eit steg vidare for å ytre vår ytringsfrihet. Dette sees også som ein trussel for ein land utan demokrati. Ein regjering som styrer alt i eit land, utan demokrati vil bli trua av den moderne offentligheita. Til slutt kan dette resultere med at hele regjeringa flyktar vekk frå all oppmerksomheten dei får i den moderne offentligheita. Det kan også føre til at regjeringa kutter all internettkobling til Facebook. Dei kan rett og slett stenge for Facebook, og da slepper dei å tenke på publisering. Men det finnes bloggar og opprør. Så regjeringa vil på ingen måte sleppe unna folkemengda. På den måten vil ein ha stor sjanse for å vinne over regjeringa og skaffe seg eit demokrati.

 

–   drøfte forholdet mellom makt og mediar, medietilbud og medienes rolle nasjonalt og internasjonalt

Media har hatt litt ulik makt opp over åra. Før i tida var media allmektige. Da trudde folket på alt som blei skrevet i aviser, plakatar og blei spelt på kinoar. Men etter nokre år blei media fullstendig avmektige. Da var det ingen som lengre trudde på noko som media skreiv og viste fram. Da måtte det eventuelt gå gjennom ein oponionsleder som anbefalte noko som media viste frem. Ein oponionsleder kan for eksempel være ein imam for muslimar eller ein kjendis for vår del. Etter nokre år etter det begynte folk likevel å tru litt på det som media skreiv. På den måten hadde media makt igjen, men dei var ikkje allmektige. Folket hadde ei motmakt mot media og kunne velje og ikkje bli påverka og ha sine eigne meiningar.Vi er aktive, vi sorterer og forkastar og vurderer det vi opplever.

Medienes rolle nasjonalt og internasjonalt er å belyse og få urettigheter og nyheter frem i rampelyset. Nasjonalt er det å vise nyheter knytta til landet. Det kan være alt frå å dekke julekonserten i Oslo Operahus til å dekke feiloperasjonen ved Ullevål Universitetssjukehus. Internasjonalt er det eit litt mindre spekter. Her fokuseras det på krig, USA valet, diktatur og andre store hendingar. Medias oppgåve er å opplyse samfunnet om eventuelle nyheter og kva som skjer rundt om i nærmiljøet og i resten av verden.

 

Tankar bak plakatane

NRK-plakaten skal vise at NRK vil inkludere alle. Ved å betale for NRK-lisensen sikrar vi ytringsfriheten vår. Vi sikrar TV til alle. Da er ikkje NRK avhengige av seer-tall, slik som TV2, TV3 eller andre program er. Vi sikrar TV til døve, barn, eldre og andre grupper. Hadde eit program for døve fått mange seer tall for TV2? Neppe, derfor er det ingen program for døve på TV2. Derfor er NRK-lisensen viktig å betale, fordi vi skal inkludere ALLE. Vi får også nyheter frå nærmiljøet. Så det er viktig å betale for NRK-lisensen for at vi skal sikre TV til alle, for ytringsfriheten vår og for å få nyheter frå nærmiljøet.

Postmoderne offentligheit plakaten skal vise til at regjeringa i eit land vil stenge, og låse inne Facebook. Dei vil unngå at ting som skjer i eit land blir publisert på Facebook som er eit sosialt nettverk, som så og seie alle i verden bruker. Dei forholder styreforma sin også skjult på denne måten. Dette er kva hengelåsen og kjettingen skal symbolisere. Den symboliserer ofte at noko er stengt inne. At noko skal holdes hemmelig, eller at allmennheten ikkje må få greie på noko. Det skal være skjult og ikkje oppta oppmerksomhet.

 

Fra ide til ferdig produkt

Fra ide til ferdig produkt

Fra ide til ferdig produkt

 

Mobbing – FILM

Kompetansemål som er relevante for læringsoppdraget: 

Innholdsproduksjon

  • planlegge, produsere, publisere, dokumentere og drøfte innhold i medieprodukter i ulike sjangrar og for ulike media

Bloggen min viser litt dårlig planlegging dessverre. Men vi har hatt stor planlegging før filmen starta. Vi har sjekka rundt på pålitelige kildar om kva mobbing er, kor det forekommer, kven som blir utsatt, korleis det starter og alt anna som blir nemnt i filmen kommer frå eigen erfaring og frå kildar frå nettet. Vi har også tenkt ut korleis vi skulle ha scenen, lyset og korleis personane skulle vere mørkelagt. Så har vi jo da produsert med å filme i studio, importere i Premiere Pro, redigere og sette på musikk, og så da eksportere. Ved eksportering bruker vi MP4 som tar liten plass, og i tillegg tar vare HD kvaliteten som vi filma i. Vi bruker H.264 som kodings format til å eksportere i. Blu-Ray og HD DVD-er blir også koda i dette formatet for å få HD-kvaliteten.

Ved publisering bruker vi den typiske Youtube plattforma. Dette fordi det er kjent og veldig enkelt å publisere videoen her.

Dokumentasjon har gått gjennom bloggen, men grunna veldig mykje å gjere i det siste har det dessverre blitt for lite blogging rundt prosessen. Dette er også nemnt i bloggen frå før.

 

  • utforske, utvikle og drøfte kommunikasjon, fortellerteknikk, dramaturgi og uttrykksformer i medieprodukter og presentasjoner

Medier i samfunnet (teori og diskusjonsoppgaver)

  • vurdere mediene som sosialiserende faktor og medienes evne til å påvirke individ og samfunn

Media er som ein sosialiserande faktor i dagens samfunn. Fleire og fleire bruker Facebook i dag, og det er her vi møtes, blir kjent og i fremtida når barna spør korleis moren og faren traff kvarandre, vil dei nok seie at det var gjennom Facebook.

Mediens evne til å påverke individ og samfunn nå til dags er i nokså stor grad. Mediene har ulike måtar å påverke oss på. Det kan være mellom open og skjult, bevisst og ubevisst påverkning. Vi har også noko som heiter å kultivere og katarsis-teorien. Det som menes med Kultivasjons-teorien er at media bidrar til å danne eller utvikle oss som menneske med våre egne holdningar og syn på verden og livet. Katarsis betyr renselse. For eksempel dersom ein er sur og aggressiv, kan ein spele eit voldsspel for å få aggressiviteten ut av kroppen og inn i spelet.  Det som menes med Katarsis-teorien er at dette som eg har forklart over. At ein bruker volden som media viser til eller eit voldsspel for å få ut aggresjonen i kroppen. Open påverkning er slik som reklame. Vi viser opent kva som er hensikta. Slik som musikkanmeldelsar, lesarinnlegg og politisk propaganda. Skjult påverkning er å skjule sin eigentlige hensikt. Dei skjuler sitt eigentlige bodskap. Produktplassering er eit eksempel på skjult påverkning. For eksempel dersom vi ser at ein kjent skuespillar kjører BMW i ein stor Hollywood film, blir ein skjult påverka på å kjøpe denne bilen, altså produktplassering. Bevisst påverkning er når avsendaren bevisst påverkar oss med lesarbrev, reportasjar og produktplassering. Ubevisst er når ein avsendar ikkje er klar over konsekvensane av bodskapet sitt.

 

Filmen om mobbing skal belyse og informere om mobbing. Vi setter eit stort problem som dagsorden. Rundt om på skoler, internett og andre plasser kor det er meir enn ein person, finnes det mobbing. Dette er eit problem vi må prøve å få slutt på. I vår film vil vi informere litt om kva mobbing er, kor det skjer, kven som blir utsatt og andre aktuelle ting i forhold til mobbing. Vi bruker tre personer som fortel litt om mobbing. Desse skal på ein måte snakke ut frå kvar sin erfaring. Derfor er desse skjult ved å mørklegge desse ut, for at ingen skal kunne sjå deira identitet. Men i slutten reiser dei seg opp. Dei reiser seg opp og stor mot mobbing. Da kommer dei inn i lyset og vi får sjå deira identitet. Det er her dei tar sitt store skritt og går imot mobbing, ein blir lagt merke til. Så i filmen vil vi fortelje litt om mobbing, og til slutt gi motivasjon til folk og ta steget opp frå all mobbinga og stå opp mot mobbing. På den måten klarer ein å bli stor, istadenfor liten. Dette viser vi også med kamera perspektivet. Vi bruker først normal perspektiv, men når personen reiser seg opp og går inn i lyset for å stå opp mot mobbinga får vi eit perspektiv som ser opp på personen. Vi ser opp på ham som har tatt det store steget. Det er ikkje heilt eit froskeperspektiv. Vi får nærmare eit underperspektiv/undervinkla. I slutten får vi sjå alle tre personane saman og oppfordrer alle mobbeoffer til å si frå. Ein må stå opp mot mobbing!

Fra ide til ferdig produkt

Fra ide til ferdig produkt

 

Jepps, då kan eg «nyte» resten av helgen på jobb på Pizzabakeren! 😛 Heldigvis er det LOL-veke i den kommande veka 😀 Da kan eg slappe litt meir av, ettersom vi ikkje få karakter på LOL-oppdraget 😀 Så da gjenstår det berre å ønske alle ei god veke videre og ikkje minst ei flott veke i den kommande veka 🙂

 

Shallabais! 😀

 

– Lasseboy 😉

Advertisements

NRK plakat + Postmoderne offentlighet plakat

Legg igjen en kommentar

Jepps! 😀 Da var eg her igjen! 🙂 Dagen idag har gått ut på å jobbe videre med og helst sluttføre plakatane som vi skulle lage. Slik som eg har nevnt i eit tidlegare innlegg der eg forklarte oppgava, og viste til nokre få skisser som eg hadde laga. Men siden det er så lenge siden det innlegget var tenkte eg å vise frem skissene på nytt, slik at dere får sjå litt av prosessen fra ide til ferdig produkt 🙂

Vi begynner jo helst da med eit tankekart og idemyldring. Her nevner vi ting som vi forbinder med temaet.

NRK ideer

NRK ideer

 

Postmoderne offentlighet ideer

Postmoderne offentlighet ideer

Etter at vi har hatt ein idemyldring og tankekart begynner vi med å kombinere desse og tenker ut ulike design. Det kan også hjelpe å søke etter inspirasjon. Vi begynner da å skisse ideer.

NRK Skisse

NRK skisser

 

Postmoderne offentlighet skisse

Postmoderne offentlighet skisse

Når vi da har skissa, kan vi begynne med å designe elementer, layout og rett og slett produsere det som vi skal designe. Så da bruker vi relevante programmer til dei ulike oppgavene. Bilde redigering i Photoshop, vektorisering i Illustrator og eventuelt lage layout i InDesign. Ein kan også eigentleg bruke Illustrator til å designe layout til plakaten (slik som eg har blitt lært i VG1 og Vg2)

NRK – plakat – jobbing

NRK jobbing

 

Postmoderne offentlighet – plakat – jobbing

Postmoderne offentlighet jobbing

Så det som gjenstår nå er å fullføre desse plakatane og eksportere dei i PDF format som er enkelt og dele, og eit ypperligt program til plakater. Så det som trengs for at desse plakatane skal være gode nok er:

NRK plakat:

Font – Velg annen font.

Farger – Fargepalett NRK

Grafiske elementer (NRK elementer) Klistremerker/Huskelapper?

 

Postmoderne offentlighet:

Finne eit bra budskap. Forklare kva som skjer på bildet på ein kort og konsis måte!

 

Så dette må fikses før søndag kveld, men det skal gå fint! 🙂 Bruker tiden i dag til å sluttføre det, så levere inn. Etter det så får eg bruke litt av tiden imorgon til å fortelle litt om tankane rundt plakatane og skrive litt ut fra kompetansemåla her på bloggen 🙂 Så stay tuned. Det blir nok enda meir blogging fremover nå ettersom vi har fått vår endelege kontaktlærer nå, slik at vi virkelig kan begynne å jobbe med media, istedenfor å alltid få ny lærer med nye prosjekter og slikt 😛 Men i neste veke er det LOL, så da blir det nok ikkje blogging. Så det blir litt over ei veke før eg blogger igjen. Da skal vi ha om modernismen og skal lage eit prosjekt ut fra det 🙂 Det kan bli spennande! GOD HELG! 😀

 

Shallabais! 😀

 

– Lasseboy 😉