Me fekk i oppgåva å sjå på dei ulike nordiske land sine språkråd 😉

 

Noreg har eit språkråd som jobbar med å sjekke at fordelinga av nynorsk og bokmål blir opprettheldt på rett måte. Språkrådet statens fagorgan i språkspørsmål og er underlagt Kulturdepartementet. Språkrådet jobbar for at norsk skal brukast i alle deler av samfunnslivet, men også i framtida og ikkje og blir tilsidesatt av engelsk. Dei jobbar også for å gi det offentlege, næringslivet og folk flest tro på at norsk språk duger, og arbeider for å auka kunnskapen om norsk språk. Språkrådet har ein tilsynsteneste som følgjer med på om statsorgana følgjer krava om fordeling av nynorsk og bokmål. Dei får om lag 10 000 språkspørsmål på e-post og telefon i året.

 

Det svenske språkrådet ble etablert 1.juli 2006. Etter at de slo saman sverigefinska språknemnda, svenska språknemnda og klarspråkgruppa ble det til et språkråd. De har også et anna svensk språkorgan, nemlig Terminologicentrum. Dette organet arbeider med liknande spørsmål, men er spesielt innretta mot fagspråk og terminologi. Den svenske regjeringa finansierer språkrådet, men har ingen ambisjonar om å utøver direktive kontroll over språket.

 

Det danske språkrådet blei oppretta i 1955 og var sist ute av dei nordiske landa med å skaffe seg ein offisiell språkleg normeringsinstitusjon. Det var nok ikkje tilfeldig at Danmark kom sist. Uviljen mot å foreta inngrep i språket var og er sterkare i Danmark enn i dei andre landa. I staden for direktiver om at slik og slik skal det heite, gir Rådet råd og rettleiing om god språkbruk og opplysningar om kva som er fastslått som norm. Ordbøker, særlig «Retskrivningsordbogen», og grammatikkar er grunnlaget for rådgivninga. Da Rådet i 80-åra drista seg til å foreslå ny stavemåte for orda mayonnaise, remoulade og roastbeef (majonæse, remulade, rostbøf), blei det eit oppstyr så voldsomt at det med full rett ble døypt «majonæse-krigen»! Dansk Språknemnd beskriver altså språket heller enn å forsøke å styre det.

 

Felles nordisk språkpolitikk

Dei nordiske landa har gått saman og lagt to forskjellige språkpolitiske dokumenter. Den nordiske språkdeklarasjonen og den nordisk språkkonvensjon.

Bakgrunnen for den første deklarasjonen om nordisk språkpolitikk var et behov for ein ny nordisk språkpolitikk som fremme heilskap og samanheng mellom dei nordiske språksatsingane.

Den nordiske språkkonvensjon går ut på nordiske statsborgerar skal kunne bruke morsmålet for å komme i kontakt med ein annen nordisk lands regjering.

Sverige og Danmark har språkpolitikk der riksmålet blir høgare sett på, men dei prøver å holde for mange framand ord frå språket. Island fremhever puristisk politikk med språket.

 

Islandsk språkråd blei danna i 1964.

Den islandske språknemnda foreslår, i samråd med fagekspertar, nyord. Islendingar aksepterer vanlegvis nyskapnadene. På heile 1900-talet har ein difor funne opp mange ord for nye omgrep basert på det urnordiske ordstammeutvalet. Ei viss språkleg isolering blir balansert av at termar og omgrep blir sjølvforklarande og gjennomskinlege, ofte òg for andre nordbuarar. Døme:

bibliotek = bókasafn (boksamling)

kontor = skrifstofa (skrivestove)

teater = leikhús (spelhus)

Språkrådet

Ja, vi lærer om norsk i media også 😉 Er ikkje berre media som er i fokus 😛

 

Shallabais! 😀

 

– Lasseboy 😉