Halla! 😀 Jepps, da var eg ute med ein ny oppdatering 🙂 Grunnet jobb igår blei det ingen oppdatering, men derfor blir det eit litt lengre blogginnlegg idag! Som dere veit så jobber eg med å lage ein plakat for abstrakt ekspresjonisme 😉

 

Det eg jobbet med igår var å skrive ned alle ideer eg fekk av abstrakt ekspresjonisme. Ut fra ideane begynte eg å skisse litt ned design som eg tenkte kunne passe. Eg fant også to plakater som skulle være ein inspirasjon til plakaten min 🙂 Så eg har altså begynt å danne grunnmuren til ideen og designet mitt 😀

 

Først kan eg vise tankekartet 🙂

 

Skisser

 

Inspirasjon

http://kaylateets.artician.com/portfolio/Abstract-Expressionism-Poster-Project/

http://shop.tate.org.uk/movements-in-modern-art/abstract-expressionism/invt/389/

 

Bakgrunnsbilde til plakaten

http://www.paintings-for-sales.com/paintings/mark-rothko/mark-rothko-untitled-red-orange-over-black-17183.html

 

Utenom det så skulle vi skrive ein eigen komponert tekst om kunst-retningen 🙂 Eg skreiv litt igår, og fekk litt nye ideer å skrive om idag. Så eg har altså litt igjen å skrive om, men slik ser teksten ut nå.

«Mange av ideane bak abstrakt ekspresjonisme kjem frå den europeiske ekspresjonismen, men også surrealismen sin vektlegging av spontan og automatisk kreativitet var eit utgangspunkt for kunstnarane. Abstrakt ekspresjonisme skulle være meir enn holdning enn ein stil.

Denne retninga blei først brukt i 1919 til å forklare nokre av kunstverka til Wassily Kandinskys. Abstrakt ekspresjonisme fekk ikkje heilt fotfeste før utstillinga «Abstract Painting and Sculpture in America» på Museum of Moderen Art i New York. Dette var i 1951. Etter denne utstilliga fekk CIA også interesse for kunstverka. Dei meinte at det uttrykket ideen om USA som den frie tankens og det frie markedets forsvarer.

Det var ulike teknikkar å bruke, slik som color-field painting, American-style painting og action painting.

Mark Rothko, Jackson Pollock og Willem de Kooning er tre kjente kunstnarar innanfor abstrakt ekspresjonisme.

Kjente verk: …

Kva ville man uttrykke?

Kva var tema?

Abstrakt ekspresjonisme mista sin dominerande posisjon i kunstverda i løpet av 1960-tallet. Den blei utfordra og kritisert av nye retningar som minimalisme, konseptualisme og popkunst.»

 

Kilder til teksten over:

http://no.wikipedia.org/wiki/Abstrakt_ekspresjonisme

http://snl.no/abstrakt_ekspresjonisme

http://www.nettkringkasting.no/~hanne/abstrakt_ekspresjonisme.html

http://www.fineart.no/doc/abstrakt

http://linnshop.no/abstrakt-ekspresjonisme

http://hannekunst.blogspot.no/2012/04/abstrakt-ekspresjonisme-og-action.html

 

Idag har eg brukt tida til å begynne å designe sjølve plakaten 🙂 Eg har fått tips og triks om typografi valg og litt hjelp til design valg av læraren min 🙂 Så nå begynner designet å komme seg litt 🙂 Eg har brukt ein meir moderne, elegant og forhåndsvis tynn skrift på plakaten for å få den elegante stilen, men og at det skal være moderne, ettersom plakaten skal være fra modernismen. Plakaten har også blitt revet av ved nedre del. Her skal det stå litt om abstrakt ekspresjonisme. Dette er istadenfor ein litt kunstig huskelapp eller noko slikt. Men eg får snakke med læreren min imorgon for å få hans vurdering på saken også. Utenom det så ligger mykje av skrifta nå (slik som Mark Rothko og Jackson Pollock) litt hengande i lufta. Så dette må eg også snakke med læreren om.

Produktet så langt!

 

Så mangler eg berre å utfylle meir om abstrakt ekspresjonisme (finne kjente verk, tema og uttrykk) også må eg begynne å tenke kommunikasjonsmodell med målgruppe, budskap, sender og kontekst. Da blir det litt enklere for meg å vite kor mykje tekst eg eigentleg skal ha i plakaten 🙂 Så planen her heime idag er å skrive resten, lage ein kommunikasjonsmodell, også kanskje finne plassering for tekst osv. Rett og slett prøve å bli ferdig med plakaten 🙂

 

Shallabais! 😀

 

– Lasseboy 😉

Reklamer