Mark Rothko blei født i Det russiske rikets Vitebsk guvernement i 1903 (25. september) Han blei ein av dei mest kjente amerikanske kunstmalerane i andre halvdel på 1900-tallet. Arbeida hans selges for titalls millionar dollar. Han var ein russisk-amerikansk-jødisk malar og klassifisert som ein abstrakt ekspresjonist. 25. februar 1970 tok Mark Rothko sitt eige liv etter lengre periode med depresjon.

Mark Rothko

Hva er det mest kjente kunstverket? Kanskje er det flere enn en?

Green on blue blei mala i 1968. Teknikken/stilen som er brukt er color-field.Color-field painting, abstrakt maleri med enkle og reine formar og fargar utan tonale kontrastar, der motiv og grunn har same verdi. Bildet sitt tema er den sin form. Det blei mala med oljemaling.

Green on blue

 

Light red over black blei mala i 1957. Dette var ved bruken av oljemaling, og stilen som er brukt er color-field painting.

Light red over black


• Hvilken teknikk brukes og hvordan arbeidet kunstneren? (silketrykk, oljemaleri osv).

Den generelle metoden for dei fleste malerier var å påføre et tynt lag av bindemiddel blanda med pigment direkte på ubelagt og ubehandla lerret, også å male betydelig fortynnande oljer direkte på dette laget, og som skaper ein tett blanding av overlappande farger og former. Penselstrøka var raske og lette. Dette var ein metode han ville fortsette å bruke til sin død. Hans aukande interesse for denne metoden er tydelig i maleriene fullført for kapellet.

Rothko brukte fleire originale teknikkar som han prøvde å holde hemmelig, sjølv frå sine assistentar. Elektronmikroskopi og ultrafiolett analyse utført av Molab viste at han tilsatte naturlige stoffer som egg og lim, samt kunstige materialar, inkludert akrylharpikser, fenolformaldehyd, modifiserte alkyd, og andre stoffer. Eit av sine mål var at dei ulike laga av maleriet skulle tørke raskare, utan å blande farger, slik at han raskt kunne opprette nye lag på toppen av dei tidligare laga.

Så for det meste mala han oljemaleri ved bruken av stilen color-field painting.

Mark Rothko color field

Hvilke temaer blir tatt opp i kunsten tror du? Hva er kunstneren opptatt av?

Temaer som kunstnaren tar opp kan være meditasjon, angst? kjærlighet, depresjon,…

Eg leste at nokre av bilda hans skal ha oppfattas som meditasjon. Dette kan da kanskje være eit av tema til Rothko i hans bilete. Betraktaren av kunsten skulle stå ca. 50 cm frå kunstverket. Dette var fordi at betraktaren skal kunne oppleve ein følelse av intimitet, ærefrykt, ein overskridelse av det enkelte, og ein følelse av det ukjente.

Sidan Rotkho sleit ein del med depresjon dei siste leveåra, kan nokre av hans bilete også reflektere dette temaet. Nokre av hans bilete er i nokså mørke fargetonar og kan kanskje da vise til depresjonen som han hadde.

Han bruker også ein god del rød farge. Rød har jo forskjellig betyding, slik som angst, fare, kjærlighet m.m. Kanskje han da tar opp temaet angst. Hadde han angst for noko? Eller tok han opp temaet kjærlighet, ettersom han skilte seg fra kona nokre få gonger.

Bildene gjenspeiler kunstnaren sine følelser og tanker.

Frå dei seinare 1930 til 1946 gjenspeiles Rothko sine olje- og akvarell maleri hans interesse i gresk mytologi, primitiv kunst, og kristen tragedie.

Mark Rothko bilde


• Fun facts?

I 1936 begynte Rothko å skrive sin eigen bok. Denne boka handla om samanlikninga mellom likheter i barnekunsten og arbeidet med moderne malarar. Han blei aldri ferdig med boka.

Rothko hjelpte kona med hennes butikk, men han likte det ikkje. På denne tida var Rothko, i samanlikning med kona, ein økonomisk fiasko.

Det finnes eit kapell som er oppkalla etter han, «The Rothko Chapel», som ligger i Texas. Bygningen er geometrisk og er utan vinduer.

The Rothko Chapel


• Annet du vil ha med som er nyttig å vite, interessant osv.

Tidlig november 2005 braut Rothko sitt oljemaleri frå 1953, «Homage to Matisse», salgsrekorden for alle etterkrigs maleri på ein offentlig auksjon. Det blei selt for 22,5 millionar dollar som tilsvara rundt 135 millionar kroner.

Homage to Matisse

 

I mai 2007 braut Rothko rekorden igjen, med maleriet «White Center» (Yellow, Pink and Lavender on Rose) fra 1950. Dette blei solgt for 72,8 millionar dollar som tilsvara rundt 436,8 millionar kroner. Maleriet blei solgt av David Rockefeller på Sothebys i New York.

White Center

 

I mai 2011 blei eit ukjent Rothko maleri solgt. Det var ein privat selgar som satt det til slags og sa sjølv at han hadde kjøpt det direkte frå Rothko. Verket blei tatt med i Rothko sin katalog, som til saman rommar 836 malerier.

 

I mai 2012 braut Rothko rekorden igjen av størst verdi for eit maleri i etterkrigstida. Da blei maleriet «Orange, Red, Yellow» frå 1961 solgt for 86,9 millionar dollar som tilsvara rundt 521,4 millionar kroner. Maleriet hadde tidligare vært i samlinga av abstrakte ekspresjonisme bygget opp av David og Gerry Pincus.

Orange red yellow


• Til slutt: Din mening. Hva syns du om kunstneren?

Det eg meiner om kunstnaren er at han var ein meget spesiell og flink kunstnar. Når ein ser på det han har mala, kan ein jo sjølv tenke at det kunne også eg ha laga, men teknikken som ligger bak og sjølve arbeidet er veldig interessant. Å tenke seg å bruke egg og lim for at malingslag skal tørke fortare er veldig genialt. Så han var absolutt ein flink og teknisk kunstnar.

 

Jepps, det var litt om Mark Rothko! 🙂 I denne veka som kommer skal vi nok begynne med læringsoppdraget for modernismen (kunst) perioden. Så følg med og sjå kva som skjer da 🙂

 

Shallabais! 😀

 

– Lasseboy 😉

Reklamer