Joda, da er vi igang igjen med skuleåret og er klar for å blogge igjen! 🙂 I den første perioden skal vi begynne med flash/StopMotion. Dette er jo da på ein måte ein slags film, som forteller ein liten historie. Vi skal velge mellom å lage ein flashanimasjon eller ein StopMotion. Eg har eigentligt bestemt meg for å jobbe med flashanimasjon, men eg får sjå iløpet av dagen korleis StopMotion er i forhold til flashanimasjon. I dei tre første timene idag fekk vi litt innsyn og informasjon i programmet Flash og om flashanimasjon. Dette var eit interessant program med mange tøffe og unike muligheter for å skape ein flashanimasjon.

Her kan du sjå to eksempler på korleis det kan bli til slutt med hard jobbing i Adobe Flash! 😀

Eksempel 1

Eksempel 2

I flash er det alltid lurt å ha orden på filer og elementer. Når du lager nye layer må du ha navn på det layeret slik at du lett kan gjenkjenne kva som er på det layeret. Det er også lurt å gjere om elementer til symboler. Symbolene skal også ha sine egne layer! Dette er jo da ein liten huskeliste å ha i minnet når du begynner med flash, slik at du har orden på sakene.

I Adobe Flash blir ting laga i vector grafikk. Noko som vil seie at du ikkje vil sjå pixler (bitmap). Så på denne måten blir alt smooth. Unntaket er kun at bilder som du importerer vil jo da vere i pixel grafikk. Det som blir i vector grafikk er alt av elementer som du lager i Adobe Flash.

Når du lager noko i Flash er det slik at du lager elementer og flytter, vender, forstørrer, forminsker o.l desse elementa. Slik som du såg i ein av filmane over ser vi at ein teikner ein strekmann/menn som gjer noko, for eksmpel snakker med andre strekmenn. Men Flash er ikkje berre dette! Du kan også lager for eksempel ein banner til ei webside o.l.

Så dette var litt av flashanimasjon i Adobe Flash! 😀

Arbeidsplassen til Adobe Flash!

På bildet over ser du litt av det eg har laga! Dette var kun ei øvelsesoppgave for å bli kjent med programmet! 😉

Nå skal vi snakke om noko som heiter StopMotion! 😀

StopMotion er når du tar opptil fleire bilder av eit objekt som flytter på seg. For eksempel, dersom du skal lage ein film av legomenn og vil ikkje at hendene dine skal vere med på bildet, må du bruke StopMotion. Da gjer du slik at du setter legomannen i ein bestemt stilling, så tar du bilde. Etter det flytter du legomannen bitte litt til før du tar bilde. Du må altså ta bilde for kvar gang du flytter på denne legomannen, og dersom du ikkje tar bilde ofte og flytter legomannen for mykje så vil filmen bli hakkete. Da blir det unaturligt og merkeleg å sjå på. Så i StopMotion må du vere veldig nøye på det praktiske arbeidet med å ta bilde og med å flytte elementer kun litt om gangen. Så når du skal importere desse bildene i Premiere Pro er det slik at du kan gjere det på to ulike måter. Den eine måten er å markere alle i Adobe Bridge og endre namnet på desse slik at bildene kommer trinnvis (1,2,3,4,5,6 osv.) Dette er viktig for at datamaskinen skal kunne lese av kva slags bilde som skal komme først og sist i den rekka med bilder som du tar. Denne metoden som du velger nå er det slik at du ikkje kan redigere kvart enkelt bilde, men når du eksporterer, så vil bildene bli pakka sammen i ein filmfil som blir importert til premiere. Ein annen metode er å importere bildene tilPremiere også ta å sette desse sammen og eventuelt endre på speed/duration.

Her kan du sjå to eksempler på StopMotion der ein passer på at bildene som blir tatt stemmer og at det ikkje blir for hakkete! 😀

Eksempel 1

Eksempel 2

Eg og Tor Håkon har også laga vår eigen film med StopMotion. Her har eg tatt bilder, medan Tor Håkon har teikna. Kun på dette lille klippet har vi tatt 138 bilder for å vise når Tor Håkon teikner. Nå er ikkje dette akkuratt eit mesterverk av ein StopMotion film, men det er ein begynnelse.

Så i StopMotion handler alt om å vere nøye på når du tar bilder og i Flash er det å vere nøye på å ha orden i elementer o.l i Adobe Flash.

Ja, så dette var vel alt som vi lærte idag. Ellers gleder eg meg sånt sett til å jobbe med animasjon. Eg har vel stort sett bestemt meg for å jobbe med Adobe Flash, ettersom dette er eit nytt program og bør læres. StopMotion er jo kjekt og kult å jobbe med, men dette er noko som du på ein måte kan frå før av, derfor velger eg å jobbe med Flash, for å lære noko nytt. Kunnskap er makt! 😉 Joda, så håper eg jo på at dere kjære lesere har hatt ei god jul og eit godt nyttår (litt seint og spør om det nå da, men men, bedre seint enn aldri!) Så håper eg at dere følger meg denne veka også og at dere kommentere det dere vil! 😉

Shallabais! 😀

– Lasseboy 😉

Reklamer