Jepps, da var det torsdag igjen og slutten på veka nærmer seg! I morgon kl. 14:00 må visittkortet og flyer-en vere innlevert. Da skal alle vere ferdige med sine produkt og ha levert inn. Men eg sliter. Eg føler at eg sliter litt med oppgava mi! Eg klarer ikkje å samle tankene mine lengre, eg er ganske trøtt for tiden og har vel ein meir følelse av julestemning og ferie enn skole og arbeid. Dette trekker ned på konsentrasjonen min og gjer at tankene flyter fritt 😛 Men eg har nå klart å laga noko idag 🙂 Holder på å jobbe med det nå også, føler eg trenger all tid som eg kan få for å bli ferdig med oppgava. Men at eg blir ferdig, det er sikkert som banken. Det må eg! Eg fått ein start, nå gjelder det berre å avslutte den starten og vere REFLEKTERT rundt produktet mitt etterpå! På mandag skal eg nemleg ha fremføring om dette produktet mitt, så det er når det gjelder; prøveeksamen! Så eg gjer meg først ferdig med produktet og bruker heller helga på å skrive ein lang refleksjon som skal vere fremføringen min på 15-20 minutt 🙂 Så gjelder det berre å øve på det og fremføre det!

Så dette skal gå bra 😉

Eg har også nokre bilder til dere idag også 🙂

Røde Kors visittkort; framside!

Røde Kors visittkort; bakside!

Røde Kors flyer!

Dette er bilder av skissene som eg har laga så langt! 😛 Nå er dette berre skisser, så alt som står på og eventuelle elementer vil kanskje bli fjernet, det er spørs kva som blir viktigast! Eg har jo begynt og komt eit lite stykke, men har eit stort stykke igjen før produktet er ferdig og klar for innlevering. Men dette skal gå bra! 🙂 På visittkortet og på flyer-en bruker eg Røde Kors sin fargepallet: Rødt og kvit.

Røde Kors er ein forening/organisasjon som hjelper dei som trenger det. Her er oppgavene alt fra å hjelpe barn som sulter i Afrika til snømåking for eldre folk. Derfor er det vanskelig å lage eit visittkort og flyer til denne organisasjonen, når dei tar for seg så mange oppgaver.

Joda, så det skal nok bli eit produkt til slutt! 😉 Så håper eg på at dere får ein god dag videre og ein god dag imorgon! 🙂 Imorgon vil eg legge ut bilder av sluttproduktene slik at du kan sjå korleis produktene blei til slutt! Så må du huske på å kommentere til meg! 🙂 Må ikkje vere redd for å kommentere om kva du synes om produkta mine! Det kan vere både ris og ros! Ting som eg kan skifta på og ting som eg bør beholde på eit produkt 🙂 Takker for alle hjelpende kommentarer! Yeah, men då snakkes me imårå!

Shallabais! 😀

– Lasseboy 😉

Reklamer