Ja, da var eg endelig ferdig med cd-coveret etter ei lang veke med hard jobbing! Eg vil takke dere lesere for å ha hatt så god tolmodighet til å vente heilt til slutten av helga. Grunnen til at det har tatt så lang tid er fordi eg var vore ganske demotiverte dei siste dagane, og har stressa med heila oppdraget! Men nå kan eg pusta letta ut og levere inn med god samvittighet! 😀 Nå er eg endeleg også ferdig med ei 4 siders lang refleksjon fra cd-coveret! Dette tok laaaang tid og er eigentleg nokså kjedeleg! 😛 Men er jo alltids greit å oppsumere og skrive om kva du har gjort og kvifor du har gjort det! Du lærer faktisk mykje berre ut av å skrive refleksjon også! 😀 Men nok om det å la oss gå rett på sak 😉

Dette er da framsida; PEACE/FRED

Her ser vi da fredssymbolet som er formet av mennesker! Vi ser også tittel på sangen og komponisten!

Her har vi da innsiden 🙂

På innsiden ser vi eit landskapsbilde. Dette bilde skal illustrere korleis verden ville vore dersom det hadde vore fred!

Å til slutt baksida; LOVE

Baksida skal illustrere at du brenner for ein sak, medan du viser nestekjærleik!

Heile designet speler jo innpå sangen Imagine som handler å skape fred her på jorden. Derfor har eg plassert fredstegnet på framsiden av coveret for å vise til at dette handler om fred. Eg har også laga dette symbolet ut fra mennesker for å referere til sangen Imagine, når John Lennon synger «People in peace» altså folk i fred. Mennesket som former fredstegnet er ein av dei som vil skape fred her i verden og vil ha «People in peace». Fredstegnet er også plassert på sola for å vise til at fredstegnet er sola og skal sole opp freden her på jorda. Bildet på innsida av coveret skal illustrere korleis verden ville vore dersom alt hadde vore i harmoni og fred. Verden ville vore flott, der blomster ville vokst, sjøen ligget stille og skyene seile over himmelen! Baksida skal illustrere dette om å brenne for ein sak. John Lennon brant for den saken om å skaffe verdens fred gjennom sin sang. Dette skal flammene illustrere. Hjerte med LOVE skal illustrere dette med å vise kjærlighet og ha nestekjærlighet. Dette er ein begynnelse for å skaffe seg verdens fred. Dersom alle begynner å bli litt meir snillere med kvarandre og viser nestekjærlighet er vi på god vei til å skaffe oss fred blant oss!

Det som er viktig å bite seg merke i er symbolene. Desse har alt å seie for kva du skal formidle, så her er det viktig at du setter deg inn i symboler og slikt før ein begynner å plassere ulike symboler på eit produkt. Symbolene har absolutt ei stor rolle for korleis folk skal forstå kva designet ditt inneber. Det er også nokså viktig å bruke rette farger også til å formidle med. Desse har også sin betydning og har ein del og seie på produktet ditt!

Å ha bevegelse, enhet, balanse og kontrast i bildene sine er også veldigt viktig. Dette avgjer om bildet blir spennande, livleg og kjekt å sjå på. Enhet har eg brukt ved at eg bruker samme skrift på tittel på sangen og på komponisten. Vi har også dette med earth, air, fire and water. Earth = sanden, air = himmelen, fire = flammane og water = sjøen. Desse har eg brukt i mitt produkt og fått inspirasjonen fra Pink Floyd sitt album: Wish you were here. Bevegelse er det som får blikket vårt til å følgje etter i bildet. Dette kan vere piler, streker og slikt som fører blikket videre. Som for eksempel sjøen på bilde på innsida, danner ei linje som vi kan følgje rett over bildet. Balanse er det at du bruker like mykje komprosisjonsprinsipp på begge sider av bildet slikt at det holder seg stødigt og ikkje veger for mykje til ei side. Kontrastar er også viktig. Dette er for eksempel dersom du bruker kvitt og svart på samme bilde, er dette ein kontrast. Faktisk er dette den kraftigaste kontrasten som finnes. Kontrast betyr forskjell.

Så var det jo dette med emnebetont skift også. Det er viktig å velge rett skrift, slik at den passer til budskapet. Det hadde ikkje passet for eksempel med grøsser skrift til barne-TV. Så derfor har eg valgt ei skrift som er rund i kantene, ikkje er dominerande og viser meir uskyld. Denne skrifta syntes eg passet bra til budskapet fred. LOVE skrifta har ein meir kantete, dominerande og kraftig skrift, som er skrevet med versalar (store bokstavar). Dette er fordi «LOVE» er eit veldigt sterkt ord. Love er begrepet som ein bruker når ein elskar nokon. Dette er eit sterkt ord som ikkje skal misbrukes, men skal brukes fredelig og med tanke.

Å husk!! Ha alltid ein tanke bak før du gjer noko med produktet ditt! Spør deg alltid kvifor gjer eg slik og slik! Ved å gjere slik kjem du både långt og er meir reflektert rundt eiget produkt! 😀

Men da håper eg at dere har hatt ein kjekk og avslappet helg 😀 og får ei super veke 😉 Håper dere likte det dere såg og eg takker igjen for tolmodigheten. Dere må gjerne komme med kommentar om kva du synes om produktet eller om eg skulle hatt endret på noko 😀 Eg har stresset mykje nå i helga for å bli ferdig med produktet og med refleksjon. Eg har også vore på jobb idag, så det blei litt ekstra stress, men slik er livet! 😛 Neste veke er det noko som vi kaller for PTF-veke, så det blir trolig ingen blogging neste veke dessverre! 🙂 Det blir heller ingen blogging i høstferien! 😛 men etter høstferien er det nok på’n igjen! 😉 Så vi snakkes da 😀

Peace and love! 😀

– Lasseboy 😉

Reklamer