Ja, då var det torsdag igjen og eg skulle jo egentligt gitt ut ein liten update. Men siden vi ikkje har hatt media timer idag, har eg ikkje fått gjort noko på skolen. Grunnen til at det ikkje blei media timer idag var fordi vi var ute på Haugesund flyplass der vi skulle vere påtrengande journalistar fordi det hadde skjedd ei ulykke. Dette var jo da sjølvsagt berre ein øvelse, og vi skulle vere så påtrengande så mogleg for at politiet og alle andre beredskaper skulle bli kjent om korleis journalistar vil spørre og vere påtrengande i ein slik situasjon!

Men kva har ikkje eg gjort i fritida mi! Joda, eg har brukt mykje tid nå på å ta bilder og vore på eit møte. Alt av dette var skolerelatert, så eg gleder meg stort til helga! 🙂 Har nok dessverre vore lite til tankekart denne gangen pga. liten tid. Men eg har hatt ein viss ide i hovudet om korleis eg ville ha bilda mine også er det jo berre til å improvisere og leke seg med kameraet og pluteslig kan du ha tatt eit kjempeflott bilde! 😀

HDR-oppgavene:

del1:

– Ta bilde av: Sjø, himmel og sand i samme bilde

– Ta bilde av: Trær, grønt og himmel

-Ta bilde av: Fisk, båt og bygninger

Del2:

– Ta bilde av: Metall

– Ta bilde av: Bilar

– Ta bilde av: Glass

– Ta bilde av: Lys og skygge

Så da var planen min og gå ned til Åkra sanden og ta bilde. Her var det god sol og fekk ein del gode bilder herfra med himmel, sand og sjø! Her lekte eg meg med perspektiv og ved bruk av lys og kamera.

Uredigert versjon av oppgaven: Sand, Sjø og Himmel

Planen min ved oppgava om trær, grønt og himmel var  å gå ned til den nærmeste skogen i nærheten og prøve å ta eit par bilder og berre leke med perspektiv og ved bruk av lys og kamera.

Uredigert versjon av oppgaven: Trær, Grønt og Himmel

Planen min ved oppgava om fisk, båt og bygninger var jo da å gå ned til Åkra kaien der det er veldig fint for å ta bilder av båt og bygninger. Å ta bilde av fisk var nokså vanskelig og fekk ingen ideer der, så da tok eg bilder av bygninger og båter sammen i eit bilde. Slik som alle andre plasser lekte eg med perspektiv og ved bruk av lys og kamera.

Uredigert versjon av oppgaven: Båt, Bygningar og Fisk

Å da var vi kommen til del 2. Her begynte eg med oppgava om metall. Eg tenkte jo da på noko merkeleg som ligger ved det lokale Røde Kors huset. Det var noko laga i metall, men eg veit ikkje kva det er, men gode bilder blei det til slutt. Her også var det berre å prøve å feile ved bruk av prespektiv, lys og kamera.

Uredigert versjon av oppgaven: Metall

Så var det jo favorittoppgava mi da! Bilar!. Siden eg er veldig opptatt av bil og har eigen bil tenkte eg at eg kunne bruke min eigen bil på denne oppgava. Eg har da tatt bilde av min «nye» bil og setje den ved siden av ein gammal og sliten Austin. Dette er da ein god kontrast mellom dem. Her var det å leke med lys, perspektiv og kamera som gir gode resultat.

Uredigert versjon av oppgaven: Bilar

På oppgava om glass har eg dessverre ikkje fått nokon som helst idear og veit ikkje kva eg skal ta bilde av og har derved bestemt meg å ikkje ta bilde av noko som har med glass og gjere.

På oppgava om lys og skygge har eg kun fått idear, men har ikkje fått tatt bilde. Planen er å ta bilde av eit klar skille mellom skygge og lys, men vi får sjå korleis det går! Sannsynlegvis vil eg ikkje bruke bildet, men vi får sjå kva tiden viser og kva hjernen min har produsert før innleveringsfristen. 😛

Ellers så har det jo vore dårleg vær dei siste dagane og det er grunnen til at bilder ikkje er blitt tatt før, men når ein ikkje kan ta bilder har ein jo alltids ein refleksjon å skrive om arbeidet som du har gjort. Eg er snart ferdig med MEK-delen som er på 1 A4 side nå! 🙂 MEK-delen beskriver bildet fra sist veke; Nails’ life. 😀

Ja, det er stort sett det eg har holdt på med dei siste dagane og eg håper virkelig på at du liker det du ser! Og husk!, det vil bli mykje bedre når eg har fått det ferdig redigert og er klar for innlevering! Den siste foto updaten kommer imorgon! Så det er berre til å sette seg ned og smøre seg med tolmodighet til imorgon! 🙂

PS: For dei som lurte på kva slags møte eg hadde vore på, var dette eit møte om Malta. Det er slik at media og kommunikasjon, helse og sosial og elektro er med på eit prosjekt som heiter Leonardo da Vinci der 6 elever fra kvar linje får reise ned til Malta og gå på skole der i 4 veker. Dette er noko som eg virkelig kunne tenkt meg å gjere, men engelsken min er ikkje akkuratt verdens beste for å sei det på den måten, men eg skriver nå ein søknad og håper på å få bli med til Malta. 😀

Cya  people! 😀

-Lasseboy 😉

Reklamer