Hjem

CD cover update!

Legg igjen en kommentar

Yes, då var det torsdag igjen å ein update av CD-coveret er klart 🙂 Gjennom dagane som er gått har eg tenkt å fundert på korleis coveret skal bli og eg trur at eg har ein god ide!

Slik ser ideen ut:

Her ser vi da skisser av framside, inni og bakside 🙂

På framsida skal bakgrunnen vere skyer (himmelen) med peacemerket formet av mennesker i sentrum. Skrifta skal ligge rundt peacemerket og følge den runde formen til peacemerket! 🙂 Peacemerket = fred = fred på jord = Imagine 😉 På innsida skal eg bruke bildet fra HDR veka. Dette bildet inneholder vind, sjø og jord. På baksida skal eg ha eit hjerte i brann. I hjerte står det «love». Flammer skal vere til fordi da får vi enheten mellom flammer, sjø, vind og jord. Alle desse utgjer alt av Jordkloden! Og i sangen Imagine tenker eg på verden og fred, så det er her vi får enheten mellom flammer, sjø, vind og jord. Hjerte i brann symbolisere også at du brenner for ein sak, slik som i sangen brenner vi for saken om fred på jord. Hjerte = kjærlighet og love = kjærlighet (til kvarandre) og desse skaper sammen nestekjærlighet til ein annan. Nestekjærlighet til alle = fred på jord. Så det er slik planen min fungere videre 🙂 Alt blir basert på FRED! 🙂 At alle har nestekjærlighet og respekterer ein annan 😀 Slik burde det vore her i verden! 😀

Peacemerket laget av mennesker (siden eg ikkje fant nokon frivillige til å bli tatt bilde av, blei det nok meg sjølv :P) Peacemerket av mennesker fordi dette skal symbolisere fred blant mennesker, slik som John Lennon synger «People in peace«.

Peacemerket formet av meg! 🙂

Dette er da litt av framsida 🙂 Det eg mangler nå er bakgrunn og emnebetont skrift 🙂

Innsida av coveret! 🙂

Eg teiknar først ein flamme i ei kladdebok, også skanner/tar bilde av denne og laster det opp på PC-en

Så tok eg bilde av flammer i peisen og fekk desse bildene på dataen 🙂

Her har vi da mine flammer, sammen med hjerte og skriften "Love" 🙂

Joda, så coveret begynner å kommer seg 😉 Så vi satser på at dette skal gå bra og håper på at sluttproduktet blir både bra og passer til sangen Imagine av John Lennon. Sluttproduktet vil bli «released» i morgon eller iløpet av helgen! 😀

Håpe dere klarer å holde på tolmodigheten til imorgon eller i løpet av helgen slik at dere får sjå sluttproduktet! 😀 Dere må gjerne komme med innspel og gi tips og råd om korleis eg kan gjere produktet mitt bedre 😉 Ellers håper eg at dere liker produktet, så langt og håper at dere synes at eg har truffet godt på budskapet i sangen, som eg tyder er fred 🙂 Håper du fortsatt får ei fin veke og storkoser deg 😉

Men me preikast! 😀

– Lasseboy 😉

Ny veke! CD-coveret! :)

Legg igjen en kommentar

Ja, då var helga over og skolen begynt 😦 men men, kunnskap er makt! 😉 Som eg har nevnt tidlegare skal eg denne veka jobbe med å lage eit CD-cover til ein sang. Eg har nå klart å velgt ein sang å lage cover til og det er……….. John Lennon – Imagine. Denne sangen har mykje å seie og har ein meget god meining gjennom heile sangen. Når eg hører denne sangen tenker eg på fred. Eg tenker at alle har det godt, alle respekterer kvarandre uansett religion, nasjonalitet, utsjåande og om ein har farga eller ikkje farga hud. Ein viser neste kjærlighet! 🙂 Rett og slett; FRED PÅ JORD! 😀 Det er slik det burde vore, ein verden der alle kan leve i fellesskap og skape fred, slik som eg oppfattar sangen. Så denne sangen skal eg lage eit CD-cover til i løpet av veka, der CD-coveret skal beskrive sangen………

……. men det er nokre regler eg må følgje, og det er:

– Ikkje bilde av John Lennon

– Helst ha egne bilder (til nøds bilder med CC (creative commons) som ein finner på flickr.com) Creative Commons er dette med at du kan bruke bildene til andre folk. Fotografane legger bilder på flickr og lager eigne regler på korleis bildene skal bli brukte. Enten at du ikkje skal redigere dei, eller at du f.eks må skrive namn på fotograf dersom bildet skal bli brukt i offentleg sammenheng! 🙂

Men utenom om dei reglane er eg ganske fri, så lenge eg tenker på symboler, farger, typografi (emnebetont skrift) og komposisjonsprinsipp. Emnebetont skrift er at skrifta har sin del å seie om temaet. Dersom teamet er skyer, kan bokstavane vere i ein form som skyer.

Ellers så har eg blitt ferdige med mine visittkort; (Har nå fått redigert teksten til å bli mindre og slik at skriften blir enhetlig :))

Framside av visittkortet 😉

Bakside til visittkortet 😉

Eg fekk også tid til å hørre gjennom John Lennon’s Imagine ca 1000 ganger (føltes nå jaffal sånt ut :P) og imens eg hørte gjennom sangen, skreiv eg ned ting og teikna ting som dukka opp i hovudet mitt. Eg analyserte lyrikken i sangen også, og skreiv ned og teikna ned alle idear som poppa opp i hovudet! 🙂

Eg begynte så vidt me å teikne skisser og tenke på idear når det gjaldt sangen Cripple And The Starfish – Antony And The Johnsons og………

...... eg kom så langt før eg gav opp den sangen, og begynte heller med Imagine 🙂 (Dette er da ei skisse av ei sjøstjerne :P)

Og med Imagine fekk eg mykje meir idear og forstod fort kva sangen handlet om og fekk litt små idear som formet seg i hovudet 🙂 Eg lagte sjølvsagt tankekart her også, og det såg slik ut 😀

Det blei litt meir idear enn Starfish sangen vertfall 😛 Blei litt meir avansert også kanskje? 🙂

Og når tankane tar overhand, treng ein litt meir plass fra ei anna side 😛

Nokre småidear 😉

Ja, det var stort sett min dag i dag da på medialinja ved Åkrehamn VGS. Håper at dere har hatt ein fin dag og håper at dere koser dere gjennom kvelden! 🙂 Ellers håper eg at dere får ei fin veke og klarer og gjere ferdig det dere skal gjere. Eg håper inderlig sjølv at eg kan klare å gjere ferdig cd-coveret og refleksjon før denne veka er over! :O Men vi satser på det beste og jobber hardt og produktivt. Btw. denne veka er lærarane mine på kurs så da er det ingen lærere igjen ved medialinja og da må vi jobbe heime. Men det skal gå det også så lenge eg jobber og ikkje blir distrahert av andre ting 😛 Det gjenstår å sjå kva eg har fått gjort før fredagen er komt! 🙂 Dersom du har forslag til korleis eg skal lage CD-coveret er det berre å leggje igjen ein kommentar! :D  og husk!! INGEN FORSLAG ER FOR DUMME! 😉 Synes du at eg bør ha meir med på CD-Coveret? 🙂 Berre legg igjen ein kommentar! 😀

Shallabais godt folk! 😀

– Lasseboy 😉

Visittkortet!

1 kommentar

Jada, nå var skoleveka endeleg over! 😀 Og eg har fått laga ferdig visittkorta mine! Sant å seie så er eg vel delvis fornødde med visittkorta. Eg føler at det trenger det lille ekstra, men kva det lille ekstra er har eg enda ikkje funnet ut av! Men det kommer nok før eller siden! 😛 Ellers idag har vi fått litt inføring om korleis ein kan lage eit cd-cover i InDesign, med fremside, innside, 2x rygg og ei bakside.

Og så kommer det som dere alle har ventet på da! Nemlig visittkortet!

Eg beholdt skissa fra sist gang og la på skrift og fant frem logo og eit bedriftnavn. Eg har ombestemt meg fra sist blogginnlegg og gjort det slik at framsida fra sist blogginnlegg vil nå vere baksida og baksida vil vere framsida! 🙂

Dette er da framsiden til visittkortet (med logo, bedrift navn og årstall)

Og dette er da baksida til visittkortet der vi ser kontaktinfoen

Det eg kommer til å gjere videre er å endre skrifta på kontaktinfoen til skrifta slik at skrifta som er fremsiden med «siden 1998» vil også vere på baksida. Med dette får vi da ein enhet mellom skrifta slik at desse skaper eit helhetlig design. Eg vil også kutte ned på litt av teksten på baksida fordi eg syntes at det blei litt mykje skrift! Den eine tingen eg kan fjerne heilt klart er; telefaksen! Dette tar unødvendig rom på visittkortet og kan dermed fjernes for å skape meir luft og det blir mindre å lese!

Når vi snakker om tanken bak designet vil vi kanskje komme tilbake til dette seinare, dersom eg skriver refleksjon fra denne oppgaven! Eg vil da vere meir reflektert rundt eit produkt og vil finne meir meining, enn det eg eigentleg kan fra før.  Så dette kjem vi tilbake til om 1 veke og ser om eg skriver refleksjon fra oppgava «visittkort» eller «CD-cover»

Joda, men så er det! Neste veke skal eg begynne med oppgava «CD-cover«. Dette vil bli spennande og håper på at ideane kommer til meg, slik at eg kan effektivt begynne med denne oppgaven på mandag. PÅ denne måten kan eg både bli ferdig med CD-cover, refleksjon og kanskje finne ut kva det lille ekstra eg trengte til visittkortet 🙂 Men i mellom tida der, skal eg slappe av! 😀

Eg håper at du som leser følgjer meg neste veke også! 😀 Du må berre hjelpe meg med ideer og komme med forslag til design. Ingen idear er for domme 😉 Håper at også du får ei kjekk helg og koser deg masse (eller berre slapper av)! 😀 Eller dersom du har mykje energi og føler arbeidslysten i deg, kan jo du også designe eit visittkort eller eit cd-cover? Slå deg laus! 🙂

Shallabais! and have fun! 😀

– Lasseboy 😉

Visittkort update!

Legg igjen en kommentar

Joda, da var det allerede torsdag og veka er snart slutt! Å siden tiden flyr så fort, så har vi fått neste veke også til å lage visittkortet. Men i neste veke må vi jo da også ha eit oppdrag til og det er……. å lage eit cd cover til enten Metallica – Enter Sandman, John Lennon – Imagine eller Antony and the Johnsons – Cripple and the Starfish. Vi har ikkje lov å bruke bilder fra bandet, men vi må lage vårt eget design og bilde som skal forklare sangen og om bandet. 🙂

Meir om denne CD-oppgava vil komme i neste veke. Da vil tankekart, skisser og ferdig produkt komme på bloggen. Planen for fredagen er å bli nokså ferdig med visittkortet slik at eg kan bruke heile neste veke på cd-coveret. Med dette slepper eg å stresse med 2 oppgaver på 1 veke.

Men nok om det, eg har fått begynt smått med visittkortet, med tanke på skisser i Adobe Photoshop. Vil igjen nevne at dette skal vere eit visittkort til eit bakeri! 🙂

Dette er fremsiden som viser eit stykke kake fra siden!

Dette er baksida til visittkortet!

Tankene bak designet vil komme når eg er fullstendig ferdig med designet og har bestemt meg korleis ting skal bli. Berre da kan eg forklare kva tanken bak designet var og kva som ville vore best for designet.

Håper produktet mitt blir bra til slutt og fører til ein god karakter 🙂 Ellers må dere lesere ha ei fortsatt god veke og håper virkelig at dere kan komme med forslag om korleis eg kan gjere produktet mitt bedre eller korleis eg kunne ha designet visittkortet. Dersom du følger med på bloggen imorgon vil du sannsynleg sjå det ferdige produktet av visittkortet. Det avgjør kun om eg er produktive nok og klarer å bestemme meg korleis visittkortet skal sjå ut! 😀

Shallabais då folkens! 😀

– Lasseboy 😉

Nytt Oppdrag; Visittkort!!!

1 kommentar

Ja, då var det veke 38 og ei ny veke betyr eit nytt læringsoppdrag! Denne gangen er det visuell kommunikasjon, nærmere bestemt visittkort som skal lages! 🙂

Denne dagen har vore ein tung teori dag. Alt teori som vi gjekk gjennom føler eg er blir for mykje å skrive om, men det vi snakka spesielt om var kontrastar, fargar, symboler og typografi. Alle desse tingene speler inn ein stor rolle for korleis folk skal tolke ditt visittkort. Derfor er det viktig at du tenker mykje gjennom dette og passer at desse passer godt saman, slik at kortet ditt blir laga i heilhet og slik at folk tolker kortet ditt enkelt og godt! På grunn av teori er det veldig lite bilder og slikt å legge ut av eget arbeid! Men eg har funnet meg inspiratører og begynt litt med idearbeid.

Visittkort formet som ein gammeldags mikrofon!

Visittkort formet som ein kopp!

Visittkort formet som ein kam!

Dette visittkortet var ganske morosamt!

Grunne til at eg likte desse visittkorta var fordi dei er forma etter kva dei driver med! For eksempel det visittkortet formet som ein kopp! Da tenker eg at dette er eit visittkort for ein cafè!

Det siste visittkortet syntes eg var kjempe løye og ikkje minst genialt! Enkelt og oversiktleg! Beskriver kanskje ikkje så mykje om kva han dirver med, men det kan tolkes på ulike måter! 🙂 Kanskje han jobber i Google, kven veit? 😛

Dersom du vil sjå på fleire visittkort eller skaffe inspirasjon kan du leiter her (her fant eg også min inspirasjon) ; http://www.hongkiat.com/blog/business-card-design-100-creative-examples-useful-tutorials-and-templates/

Idag har vi også vore gjennom Adobe InDesign. Det som vi lærte her var om bleeds. Bleeds er at du plasserer bildet over canvas sizen (over kor stort arket er) Dette gjer vi for å få alt sammen med på visittkortet, når vi skal skjære desse ut fra arka.

Åsså var det skissene mine da 😛 Eg er ikkje noko særleg flink til å tegne, men du klarer nok å tolke kva eg meiner! 🙂 Eg skal da lage eit visittkort til eit bakeri!

Her er da skisser og idearbeid

Det som eg har tenkt er å lage eit visittkort som er som ei kake, med glasur og kirsebær på toppen. Eller så lagar eg ei shillingsbolle der skriven går innover mot midten, eller så blir det ei skolebolle der det viktigaste står i midten og resten av skrifta ligger rundt. Lengre kom eg ikkje pga. teoridag!!!!

Men eg håper å bli ferdig med dette ut veka og håper at dette skal gå bra og at eg får ein god karakter på dette! Håper også at dere får ei fin veke og er kreative og koser dere! 😀 Dersom du har forslag til korleis eg skal lage visittkortet er det berre å leggje igjen ein kommentar! 😀 Det er berre til å komme med forslag!

Shallabais! 😀

– Lasseboy 😉

Siste HDR Update! :)

2 kommentarer

Jepps, da var fredagen kommet og det er slutten på skoleveka. Å slutten på skoleveka betyr… innleveringsfrist. Denne gangen har det gått litt over innleveringsfristen, dessverre, men med ein kjekk lærer så fekk eg ut idag til å skrive refleksjonen og levere inn bildene. Bildene er ferdig redigerte og klare for innlevering. Det eg kun mangler, er å skrive ein god og solid MED-refleksjon (MED=mediedesign) Ein refleksjon består av tre deler, MEK, MED og MEP. MEK = mediekommunikasjon, MED=mediedesign og MEP= medieproduksjon. På MEK skriver du om målgruppe og budskap, på MED skriver du om kvifor du har designa det som det er og MEP skriver du om arbeidsprosess. MEK og MEP er eg ferdig med, da gjenstår berre MED! 😀

Og som eg alltid lover, vil eg legge ut dei ferdigt redigerte bildene her på bloggen! 😉

DEL1:

1. Sjø, sand og himmel

2. Båt, fisk og bygninger

3. Trær, grønt og himmel

Her er då den ferdig redigerte versjonen av oppgava "Sand, sjø og himmel"

Her er den ferdig redigerte versjonen av oppgava "Båt, bygningar og fisk"

Her er den ferdig redigerte versjonen av oppgava "Trær, grønt og himmel"

DEL2:

1. Bilar

2. Metall

3. Glass (Her fekk eg ingen idear og unngjekk denne oppgaven)

4. Lys og skyggar (Her fekk eg ingen idear og unngjekk denne oppgaven)

Her har vi den ferdig redigerte versjonen av oppgava "Bilar"

Her er den ferdig redigerte versjonen av oppgava "Metall"

Eg vil gjerne snakke litt om bildet «Bilar» fordi dette bilde holder eg på med å skrive refleksjon til nå. Å da vil eg gjerne skrive litt om bruken av lys, kontrast og perspektiv.

Lys: Lyset kjem jo fra bilen med hovudlysa på (Xenon-lys btw.) Desse lysa gir eit ganske sterk og flott blå/kvit lys som er veldig fint på bilar. Eg brukte dette som virkemiddel til å få både lys og skyggar i bildet mitt og syntes at resultatet blei veldig bra. Vi ser at den nye og flotte bilen er i lyset, medan den gamle og slitne bilen er i skyggen.

Kontrast: Dette ser vi ved at den nye bilen er fin i lakken og lyset lyser godt opp, medan den gamle bilen er rusten og mangler frontlys. Det er kontrasten mellom nytt og gammalt som kjem godt frem i dette bilde. Kvifor er det bra med kontrast og korleis påverkar det bildet? Kontrast påvirker bildet ved at det er variasjon og forskjell som vi ser klart. Det skaper liv og spenning i bildet og blir meir interessant å sjå på. Derfor er det viktig å ha kontrast i bildene sine, slik at desse blir interessane å sjå på.

Perspektiv: Eg syntes det perspektivet som er på bildet beskreiv mest av bildet og gav bildet eit ekstra preg. Vi får eit undervinkla
bilde av den gamle bilen, medan vi får eit litt meir overvinkla på den nye bilen. Dersom vi kun ser på midten av bilde, og alt
rundt bilane blir mørkt, kan det minne om eit dragrace. Det kan vere eit slikt dragrace at den som vinner får motstandaren bil. Og
dette viser jo da at den gamle bilen har virkelig mot og guts, når den stiller seg opp mot den flotte sølvgrå bilen. Derfor blir perspektivet undervinkla mot den gamle bilen, for å vise motet,  medan det blir litt overvinkla på den sølvgrå bilen, som da kanskje er redd eller har for stor sjølvtillit.

For den som lurer på kvifor det står Photomatix på bildene er dette på grunn av gratisversjonen i Photomatix. Gratisversjonen lagrer namnet «Photomatix» på tre forskjellige steder på bildet. Dette er ikkje kjekt eller fint, med dog så er jo dette gratisversjon, så ein kan ikkje forlange for mykje! 😛

Eg håper virkelig dåkke liker det dåkke ser og kom gjerne med kommentarer eller kritikk om bildene! Dåkke trenger ikkje å vere sjenerte, her er det berre å skrive i vei! 😉 Men ellers har dette vore ei kjekk veke med ei kjekk avslutning med PB (Pizzabakeren) pizza med begge media og kommunikasjonsklassane 😀 Dette var også den siste veka med foto, så nå er det berre til å glede seg til neste veke for å sjå kva som vi kjem til å lære og få i oppdrag den veka! 🙂 Innen den tid håper eg at dere koser dere og finner/lager noko kreativt! 🙂

Have fun! 😀

– Lasseboy 😉

HDR Updaten! :)

Legg igjen en kommentar

Ja, då var det torsdag igjen og eg skulle jo egentligt gitt ut ein liten update. Men siden vi ikkje har hatt media timer idag, har eg ikkje fått gjort noko på skolen. Grunnen til at det ikkje blei media timer idag var fordi vi var ute på Haugesund flyplass der vi skulle vere påtrengande journalistar fordi det hadde skjedd ei ulykke. Dette var jo da sjølvsagt berre ein øvelse, og vi skulle vere så påtrengande så mogleg for at politiet og alle andre beredskaper skulle bli kjent om korleis journalistar vil spørre og vere påtrengande i ein slik situasjon!

Men kva har ikkje eg gjort i fritida mi! Joda, eg har brukt mykje tid nå på å ta bilder og vore på eit møte. Alt av dette var skolerelatert, så eg gleder meg stort til helga! 🙂 Har nok dessverre vore lite til tankekart denne gangen pga. liten tid. Men eg har hatt ein viss ide i hovudet om korleis eg ville ha bilda mine også er det jo berre til å improvisere og leke seg med kameraet og pluteslig kan du ha tatt eit kjempeflott bilde! 😀

HDR-oppgavene:

del1:

– Ta bilde av: Sjø, himmel og sand i samme bilde

– Ta bilde av: Trær, grønt og himmel

-Ta bilde av: Fisk, båt og bygninger

Del2:

– Ta bilde av: Metall

– Ta bilde av: Bilar

– Ta bilde av: Glass

– Ta bilde av: Lys og skygge

Så da var planen min og gå ned til Åkra sanden og ta bilde. Her var det god sol og fekk ein del gode bilder herfra med himmel, sand og sjø! Her lekte eg meg med perspektiv og ved bruk av lys og kamera.

Uredigert versjon av oppgaven: Sand, Sjø og Himmel

Planen min ved oppgava om trær, grønt og himmel var  å gå ned til den nærmeste skogen i nærheten og prøve å ta eit par bilder og berre leke med perspektiv og ved bruk av lys og kamera.

Uredigert versjon av oppgaven: Trær, Grønt og Himmel

Planen min ved oppgava om fisk, båt og bygninger var jo da å gå ned til Åkra kaien der det er veldig fint for å ta bilder av båt og bygninger. Å ta bilde av fisk var nokså vanskelig og fekk ingen ideer der, så da tok eg bilder av bygninger og båter sammen i eit bilde. Slik som alle andre plasser lekte eg med perspektiv og ved bruk av lys og kamera.

Uredigert versjon av oppgaven: Båt, Bygningar og Fisk

Å da var vi kommen til del 2. Her begynte eg med oppgava om metall. Eg tenkte jo da på noko merkeleg som ligger ved det lokale Røde Kors huset. Det var noko laga i metall, men eg veit ikkje kva det er, men gode bilder blei det til slutt. Her også var det berre å prøve å feile ved bruk av prespektiv, lys og kamera.

Uredigert versjon av oppgaven: Metall

Så var det jo favorittoppgava mi da! Bilar!. Siden eg er veldig opptatt av bil og har eigen bil tenkte eg at eg kunne bruke min eigen bil på denne oppgava. Eg har da tatt bilde av min «nye» bil og setje den ved siden av ein gammal og sliten Austin. Dette er da ein god kontrast mellom dem. Her var det å leke med lys, perspektiv og kamera som gir gode resultat.

Uredigert versjon av oppgaven: Bilar

På oppgava om glass har eg dessverre ikkje fått nokon som helst idear og veit ikkje kva eg skal ta bilde av og har derved bestemt meg å ikkje ta bilde av noko som har med glass og gjere.

På oppgava om lys og skygge har eg kun fått idear, men har ikkje fått tatt bilde. Planen er å ta bilde av eit klar skille mellom skygge og lys, men vi får sjå korleis det går! Sannsynlegvis vil eg ikkje bruke bildet, men vi får sjå kva tiden viser og kva hjernen min har produsert før innleveringsfristen. 😛

Ellers så har det jo vore dårleg vær dei siste dagane og det er grunnen til at bilder ikkje er blitt tatt før, men når ein ikkje kan ta bilder har ein jo alltids ein refleksjon å skrive om arbeidet som du har gjort. Eg er snart ferdig med MEK-delen som er på 1 A4 side nå! 🙂 MEK-delen beskriver bildet fra sist veke; Nails’ life. 😀

Ja, det er stort sett det eg har holdt på med dei siste dagane og eg håper virkelig på at du liker det du ser! Og husk!, det vil bli mykje bedre når eg har fått det ferdig redigert og er klar for innlevering! Den siste foto updaten kommer imorgon! Så det er berre til å sette seg ned og smøre seg med tolmodighet til imorgon! 🙂

PS: For dei som lurte på kva slags møte eg hadde vore på, var dette eit møte om Malta. Det er slik at media og kommunikasjon, helse og sosial og elektro er med på eit prosjekt som heiter Leonardo da Vinci der 6 elever fra kvar linje får reise ned til Malta og gå på skole der i 4 veker. Dette er noko som eg virkelig kunne tenkt meg å gjere, men engelsken min er ikkje akkuratt verdens beste for å sei det på den måten, men eg skriver nå ein søknad og håper på å få bli med til Malta. 😀

Cya  people! 😀

-Lasseboy 😉

Older Entries